7. februar i år innleidde den colombianske regjeringa fredsforhandlingar med den nest største geriljagruppa i landet. Denne gongen er det ikkje FARC, men ELN det gjeld. Kven er FARC, ELN og dei andre aktørane i den komplekse konflikten? Og er det sjansar for fred i Colombia, spør Bård Drange fra YATA Oslo i denne månedens innsikt.

av Bård Drange
16990788_10158164015065004_1138816943_o

Å bekjempe underliggjande problem er avgjerande for å halde på freden i Colombia, skriv artikkelforfatteren i denne teksten. Om ein skal klare det, er ein avhengig av støtte frå det colombianske samfunnet, og reformvilje hjå den politiske eliten.

 

Paz en pedazos—bitar av fred

I Colombia beskriver pedazos de paz (bitar av fred) den komplekse militær-politiske situasjonen i landet. FARC (Colombia sine revolusjonære væpna styrker), den største geriljagruppa i Colombia, har ikkje vore åleine om å kjempe mot den colombianske staten.

ELN (Den nasjonale frigjeringsarmé) har, liksom FARC, kjempa mot den colombianske staten i over fem tiår. Den har også kommunistiske røter, og kjemper mot sosial ulikskap og for dei fattige. Trass i fleire likskapar, har ikkje gerilja-gruppene eit nært samarbeid. ELN har alltid vore hakket mindre enn FARC, og har hatt ein meir urban tilhøyrsle og eit litt meir ideologisk preg.
Tidlegare kjempa myndigheitene også mot fleire andre gerilja-grupper—eit virvar av akronym—som for eksempel M-19, EPL, PRT og MAQL. Desse la ned våpena rundt 1990. Nokre etterlevingar av EPL er sagt å vere aktive i dag, men speler ingen stor rolle.

Forutan geriljagrupper, har høgreekstreme sjølvsforsvarsgrupper, også kalla paramilitære styrker, vore ein sentral del av konflikten. Paramilitære styrker i Colombia opererte i ein (svært omdiskutert) gråsone, der dei kjempa mot geriljagruppene, og i blant også for eller saman med offentlege colombianske styrker.

I 1997 etablerte ulike paramilitære grupperingar Colombia sine sameinte sjølvforsvarsstyrker. Store deler av desse demobiliserte gjennom ein fredsprosess på midten av 2000-talet. Likevel la ikkje alle ned våpena; mange er i dag del av såkalla «neo-paramilitære styrker» eller «kriminelle bandar» som oppstod etter demobiliseringa. Desse gruppene har ingen klar politisk agenda, men ein er redde for at desse gruppene vil fylle vakuumet når FARC (og kanskje etter kvart ELN) legg ned våpena. Dette har ein allereie sett teikn på.

Årsakar til krigen

Forløpet til dagens konflikt i Colombia er ofte satt til 9. april 1948, då drapet på den liberale presidentkandidaten Gaitan utløyste ei valdsbølgje (La Violencia—Valden). Valdsbølgja skulle vare i ti år, både i byane og på landsbygda, og forårsake fleire dødsfall enn heile den 50-årige konflikten til saman.

La Violencia handla om ein konflikt mellom dei leiande politiske partia—dei konservative og dei liberale. Etter ti år vart partia samde om å dele makta seg i mellom. Medan dei delte store deler av statsapparatet, bytta dei på presidentembetet annakvar periode. Samstundes vart all politisk opposisjon forbode. Dette manglande demokratiske handlingsrommet er ein viktig del av bakgrunnen for danninga av kommunistiske geriljagrupper i løpet av og i etterkant av La Violencia (FARC og ELN stammer frå 1964). Politisk deltaking og meir demokrati er øvst på ELN sin agenda, og er sentralt også for FARC.

Likevel er kjernen i den colombianske konflikten—årsaka—eit spørsmål om jord. I løpet av århundre har Colombia vorte eit samfunn med stor ulikskap. Ei sentral skillelinje går mellom colombianske bønder og store landeigarar. Konflikten om jord strekker seg tilbake til fleire konfliktar på 1800-talet og tidleg 1900-tal, og heng tett saman med konflikten mellom liberale og konservative.

Den er heilt sentral også i dagens konflikt i Colombia—den står høgast på agendaen for FARC, og er viktig også for ELN—og er ein sentral utfordring i Colombia generelt, der nokre statistikkar indikerer at i dag eig ein prosent av landeigarar kring halvparten av jorda.

Gerilja-grupper, paramilitære styrker, narkotikakartell

Frå 1964 og to tiår fram i tid var sjølve konflikten mellom colombianske myndigheiter og gerilja-gruppene av låg intensitet. Medan andre gerilja-grupper legg ned våpena rundt 1990, vel både FARC og ELN å fortsetje. Ein grunn til gerilja-grupper sin skepsis til demobilisering er historiske eksemplar på politiske drap. På slutten av 1980-talet, for eksempel, vart medlemmer av eit parti FARC etablerte i samband med ein fredsprosess massakrert i tusental.

På 1990-talet skulle konflikten komplisere seg hakket meir. På det tidspunktet hadde offentlege colombianske styrker avgrensa kontroll. Væpna konfrontasjonar mellom partane i krigen—gerilja-grupper, Colombia sine væpna styrker og paramilitære styrker—var berre ein del av sikkerheitsbiletet. Også mektige narkotikakartell bidrog til vidare destabilisering, og vart på nokre tidspunkt sett på som eit større usikkerhetsmoment enn gerilja-gruppene. Sivilbefolkninga vart hardt råka, både av massakrer og intern fordriving, samt kidnapping og utpressing.

Denne situasjonen gjorde at mange snakka om Colombia på 1990-talet som ein «failed state». Samtidig var det ein reell redsel for at FARC skulle ta makta i landet. Rett nok var dette ein ganske stor overdriving; trass presset var ikkje statsapparatet i ferd med å falle, og geriljagruppene var eit godt stykke unna militær overtaking av hovudstaden.

Likevel, sikkerheitssituasjonen var sårbar. I 1998 set Colombia sin president i gong ein omfattande styrking av både politiet og dei colombianske væpna styrkene. Ved hjelp av militær støtte frå USA gjennom Plan Colombia, kan arvtakar, president Álvaro Uribe, i 2002 sette inn ein storoffensiv med dei stadig sterkare colombianske styrkene. Herifrå og frametter vert FARC gradvis svekka.

Fredsforsøka sitt land

Jan Egeland kallar Colombia ‘krigenes land’. Beskrivinga treff alt for godt; Colombia har opplevd eit tosifra tal på borgarkrigar sidan dei fekk sjølvstende i 1810.

Men Colombia er også fredsforsøka sitt land. I løpet av dei siste femti åra har ein hatt fleire titals forsøk på fred. Kvar einaste president sidan 1982 har tatt initiativ til fredsforhandlingar med forskjellige av desse væpna aktørane i Colombia, inkludert dei paramilitære styrkene. Å inngå fredsforhandlingar er som ein del av ein colombiansk president sin ‘check-list’, vil mange hevde.

Berre med FARC har ein hatt fire større forsøk. Det tredje forsøket tok til i 1999. I tre år—med mange pausar—snakka partane saman, men utan å forhandle om underliggjande årsaker. Begge parter styrka seg militært i løpet av samtalane. Ingen fleire samtalar fann stad før nye fredsforhandlingar tek til under president Santos i 2012.

Medan fredsforsøk med FARC ikkje krystalliserer seg i perioden 2002-2012, møtest colombianske myndigheiter og ELN. Eit forsøk rundt årtusenskiftet når ikkje fram. Det gjer heller ikkje to nye forsøk på byrjinga og midten av 2000-talet.
Fyrst i 2014—medan Regjeringa og FARC har fredsforhandlingar på Cuba—byrjar Regjeringa og ELN samtalar att. Etter to og eit halvt år sit partane seg til forhandlingsbordet i Ecuador sin hovudstad Quito.

Evigvarande konflikt

Det er mange grunnar til at konflikten i Colombia—mellom staten og gerilja-grupper—har vart så lenge. Ein openbar forklaring er at ingen av partane klarer å vinne krigen. Dette heng mellom anna saman med dette virvaret av aktørar (inkludert paramilitære styrker, narkotikakartell og også eksterne aktørar som USA), inkludert forskjellige og skiftande alliansar. Det handlar også om gerilja-gruppene sin bruk av nettopp geriljakrigføring, som mellom anna gjer dei vanskelege å utrydde militært—spesielt med Colombia sine store fjellkjeder og djupe jungel.

Også stor tilgang på ressursar har heldt konflikten i gong. Gerilja-gruppene i Colombia, i motsetnad til tilsvarande grupper i mange andre land, er sjølvfinansierte. Dette gjorde at både FARC og ELN overlevde Sovjetunionen sitt fall. (Faktisk er det på 1990-talet FARC aukar mest i styrke.) Av inntektskjelder har kidnapping og utpressing, samt skattlegging av lokalbefolkninga i FARC-kontrollerte område har spelt ei rolle. Dessutan har inntekter i samband med narkotikaøkonomien vore sentral.

Elles har forholdet mellom partane vore prega av mykje mistillit. Sjølv etter fire år med forhandlingar i Havanna (2012-2016), inkludert ein fredsavtale, er tilliten skjør. Ein spør seg framleis om kor stor vilje partane har for å respektere og verkeleg gjennomføre avtalen. Dessutan vil integrering av FARC-medlemmer inn i samfunnet by på mange utfordringar.
Så må ein ikkje gløyme at fredsforhandlingar—som alle forhandlingar—handlar om å inngå kompromiss. Ein tar og ein gir. Opp gjennom historia har partane skulda kvarandre for ikkje å ville inngå kompromiss.

I Havanna har begge partar tatt og gitt. Også før har nok Regjeringa og FARC hatt vilje til å inngå kompromiss, men ikkje like mykje. Det kan sjå ut til at partane i tidlegare fredssamtalar lente seg meir i retning av bruk av militære midlar, medan ein før Havanna var relativt sett meir positiv til å bruke politiske midlar.

Uansett ser Colombia ser ut til å ha pusla saman den største biten av fred—FARC. Det er ingen liten siger. Kan Juan Manuel Santos også klare å pusle saman ELN-biten? Eller meir konkret, har begge partar verkeleg vilje til å løyse konflikten gjennom politiske midlar? ELN ser nok, slik som FARC såg, at moglegheiter for militær siger mot den sterke colombianske væpna styrkene er ørsmå. Om det betyr at ELN ser ei forhandla løysing som sitt beste alternativ, er likevel usikkert.

Krig er eit symptom

Likevel; krig er som regel eit symptom på underliggjande problem. I Colombia, når krigen tek slutt, kjem sannsynlegvis mange av desse lenger fram i lyset. I Colombia finst det fleire. Forutan skeiv jordfordeling, er mellom anna fattigdom, ulikskap, kriminalitet, og korrupsjon viktige—og dei heng alle saman.

Å bekjempe desse underliggjande problema er avgjerande for å halde på freden. Om ein skal klare det, er ein avhengig av støtte frå det colombianske samfunnet, og reformvilje hjå den politiske eliten.
Med andre ord: symptomet—krig—er snart historie i Colombia. No må ein takla årsakene.

Synspunktene i denne teksten er utelukkende forfatterens og representerer ikke nødvendigvis synet til YATA Norge. Teksten er skrevet av styremedlem i YATA Oslo Bård Drange, som studerer fred- og konfliktstudier ved UiO, og skriver masteroppgave ved NUPI om fredsprosesser i Colombia.